Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Grunna at underteikna har vore mykje på reisefot den siste tida har det blitt smått med oppdatering. HIL starta haustsesongen med tre velfortjente poeng mot Svelgen heime. Etter ein flott førsteomgang parkerte dei Svelgen og gjekk til pause med 3-0. Ein heller ruskete andre omgang ente 1-1 og dermed 4-1 og tre nye poeng til serieleiaren. Målskorarar for HIL var Terje Øye(2), Håvard Sollid og Endre Lødemel. Derimot i kampen borte mot VIK i helga gjekk HIL på sitt første tap for sesongen i ein heller lite velspelt kamp. Etter rapport frå Gunnar var dette ein grusomt dårleg fotballkamp. Vik prøvde å sabotere spelet og fekk HIL med på dette, kampen enda til slutt 3-2 til Vik. Målskorarar på HIL i denne kampen var Svein Olav Solum og Håvard Sollid. HIL er fortsatt klar serieleiar med 6 poeng og ein hengekamp på laga bak. Vi håpar og reknar med at laget reiser seg igjen og bankar Oppstryn i naboduell til helga. |
|
|