Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Oppstryn slåss godt den første halve timen mot HIL fredag. Laget frå strynebygda hadde fleire farlege sjansar og kunne lett ha fått et mål i første omgang. Likevel var det HIL som skåra først, vakkert av Terje etter innlegg frå Ole Chr.
Dei siste 10-15 min. av første omgang pressa HIL Oppstryn bakover på bana og dominerte fullstendig. Nærmast skåring var Svein Olav som sette lobben i tverliggarane åleine med Oppstrynsmålvakta. Omgangen ebba ut med 1-0 til HIL som etter kvar var svært rettferdig. I andre omgang viste serieledaren seg frå ei anna side og lot aldri motstanderen kome innatt i kampen. Skåring av Terje,Svein Olav og Sindre sendte heimelaget i 4-0 ledelse før Henke Wemby fekk æra av å avslutte med redusering 4-1 som sto seg ved fulltid. HIL er no så nær opprykk som det kan vere mogleg å kome fire kampar før slutt. 1 poeng til så er opprykket sikra og KM tittelen på plass.
I teorien kan Vik som ligg på tredjeplass kome a-poeng med oss til serieslutt men vil vel uansett slite med å utlikne målforskjellen..... HIL har pluss 31 mål, Vik har pluss 4.... Men vi går naturlegvis for å vinne resten av kampane og!!, Vi startar med jakta på tre nye poeng borte mot Jølster til helga. Reknar med at det blir ein svært tøff kamp, Jølster har fått opp dampen og er leder rotteracet om den andre direkte opprykksplassen. |
|
|