HERRAR: Endre Lødemel til Stryn

Vår kaptein Endre Lødemel spelte for denne gong sin siste kamp for HIL mot Oppstryn. Mandag signerte han på utlånsavtale for Stryn og skal spele for dei resten av sesongen. Endre Lødemel hadde også tilbod frå Jotun / Årdalstangen med spel i 2 divisjon. Valget fall på Stryn mykje grunna at dette er eit miljø han kjenner frå før samt at reisebelastninga blir mykje mindre for han no den første hausten han er på skule i Sogndal. Vi veit at Endre Lødemel har eit stort potensiale som fotballspelar og har alle dei fysiske forutsetningar for å nå oppover i systemet. Han er fortsatt ung og har mange gode år foran seg på bana. Vi takkar Endre Lødemel for den jobben han har gjort som HIL spelar samt som trenar på damelaget til HIL. Vi ønskjer han lykke til vidare og håpar å sjå han igjen i HIL drakta med tid og stunder!