HERRAR: JØLSTER-HIL

I mårå er det kamp igjen, denne gongen mot serietoar Jølster. Motstandaren er i haustform så ditta blir ikkje ei lett oppgåve for HIL. Kampen går på "golanhøgda" kl. 15:00 laurdag og HIL stiller med følgjande mannskap: Helge, Svein Olav, Jan Rune, Edvin, Morten, Per Otto, Sindre, Ole Christian, Marius, Anders Elling, Håvard, Rasmus, Terje, Tarjei, Martin. Det blir nok ein del omrokkeringar på laget til kampen i mårå, Endre er borte til Stryn, same med Kristoffer. Erlend er tilbake i millitsen i nord. Trur likevel HIL skal kunne stille eit slagkraftig mannskap mot Jølster i mårå. Presset kviler vel ikkje akkurat på HIL, det held med eit poeng for oss dei siste fire kampane for å sikre krestsmesterskapet. Litt andre boller er det for Jølster som har endra ambisjonane sine og som no går for opprykk. Slik det ser ut no blir det eit bikkjeslagsmål mellom tre lag om den siste opprykksplassen til 4divisjon. Det skiller kun 5poeng frå Jølster på andre plass til Kaupanger på fjerdeplass, sistnemnde med ein kamp mindre spelt. UANSETT, det drit vi vel egentlig i..., vi skal karre til oss poenget vi treng for å bli kretsmester og retur til fjerdedivisjon, kven som blir med oss opp er vel ikkje så viktig...... (berre det ikkje blir laaaaang sognetur.... ) LYKKE TIL MED KAMPEN I MÅRÅ GUTTA BOYS!!