Damene slo Stryn

Damelaget vårt vann fortent 3 - 0 over Stryn i lokaloppgjøret, i det som må kallast ein humør - siger. Det var eit lag med humør og tel som var på bana, og dette var ein lagsiger. Likevel skal ein berømme Randi som scora hat trick, gratulerer. Enno hadde laget sjansar til fleire scoringar, mellom anna ei straffe som gjekk over Stryn sitt mål. Artig å sjå mange fine pasningar og løp, det viser at det bur mykje fotball i laget. Fleire spelarar som ikkje har fått så mykje speletid tidlegare, kom inn å gjorde flott innsats. Gratulerer damer, det var kjekt å sjå på og de gjorde alle ein god innsats.