TRENINGSHELG ÅRDAL 1 OG 2 APRIL

No er alt i boks med tanke på Årdalsturen og følgande opplegg er klart: Kampar laurdag 01.04.06: kl.16.00: Nordre Land - Hornindal, herrar kl.18:00: Kaupanger 2 - Hornindal, damer Kampar søndag 02.04.06: kl.15.00: Sogndal - Hornindal, damer kl.17.00: Syril - Hornindal, herrar Felles middag Klingenberg Hotel laurdag 21:00 Overnatting Klingenberg Hotel frå 1-2 April i tremannsrom eller dobbeltrom. Felles frukost Klingenberg Hotel søndag morgen 2 April. Her er det og moglegheit til å smørje seg lunchpakke. Det blir lagt opp til ei lett felles formasjonstrening søndag etter frukost. Avreise tilbake til Hornindal rett etter at siste kampen er ferdig søndag ettermiddag. Reknar med å vere tilbake i Hornindal seinast kl 23.00 søndag kveld. Det er no viktig at alle spelarane gir beskjed til Gunnar og Sveinung at dei er klare og blir med til Årdal. Det skal sterke grunnar til ikkje å vere med på denne obligatoriske turen. Skulle nokon vere forhindra er dei pliktige å ringe meg pr. telefon 90937109 for å diskutere dette. Alle må ha gitt beskjed til Gunnar eller Sveinung seinast fredag denne veka, vi må booke antall hotellrom!!! Vi treng tida Dei som skal køyre nedover får dekka bom og bensin med 1.- per km. Reiserekning for dette innleverast meg etter turen. Når det gjeld betaling for opplegget i Årdal so har spelarane betalt 200.- i førekant gjenom kontrakta. Klubben betaler for transport og kamputgiftene der nede. Kvar enkelt spelar må då ta med seg Kr. 350.- som skal betalst til Gunnar Grodås i Årdal. Då er heile turen, opphald, middag betalt. Der blir ikkje noko ekstra som skal betalast av spelarane utover dei 350.-. ( lommepengar naturlegvis.. ) Til slutt vil eg berre nevne at dette er ein tur i regi av HIL fotball og vi må oppføre oss deretter. Klubbens retningslinjer gjeld for heile helga. Då er det berre å få siste bitane på plass og sjå fram mot ei flott sportsleg helg i Årdal.