Damelaget tapte mot Eid

Damelaget hadde sesongpremiere i går kveld. Det enda med 4-2 tap mot Eid. HIL opna godt og gav Eid ein aldri so liten bakoversveis. Ann Kristin Grodås sende HIL i føringa 1-0 og auka litt seinare til 2-0. Etter halvtimen spelt reduserar Eid ved Tonje Nordheim Tangerud. Pauseresultat 2-1. I 2 omg er det HIL sin tur å få bakover sveis. I løpet av 7 min!! scorar Eidadamene 3 mål (Tonje N Tangerud 2 og Sunniva Hagen)og snur kampen på eit blunk. Litt influensa og litt kondis svikt fører til at HIL-damene ikkje klarar å hente in leiinga til Eid og dermed endar kampen 4-2. I følge Trenar Sveinung Gausemel var både 2-2 og 3-2 måla soleklare offside mål, men han inser at Eid var det beste laget til slutt. Uansett synd at dommaren er med på å avgjer kampen. Anne Marte Espe(keeper) Linda Kristin Tomasgård, Beate Lødemel, Maria Susann Sollid, Nathalie Heggen, Rosmari Heggen, Ann Kristin Grodås, Gunlaug Tenden, Marie Ingeborg Espe, Iselin Myklebust og Randi Muldsvor utgjorde start ellvaren. Innbyttarar: Ivrine Kristensen, Samuline Seljeset, Ingvild Taraldset og Ann Katrin Halstensen. Sveinung er nøgd med laginnsaten og ville egentleg ikkje framheve enkeltspelarar, men etter litt press så meinte han at Ann Kristin, Anne Marte og Maria fortjente eit ekstra pluss.