Serieåpning mot Eikefjord 29.04, tett på Grodås`e

I mårå brakar det laust med serieåpning for HIL borte mot opprykkskandidat Eikefjord. Med andre ord ei vaksen oppgåve for våre gutar. Eit noko redusert HIL mannskap reiser til Eikefjord med håp om poeng men veit det blir knalltøft. I forkant av kampen mot Eikefjord har eg tatt meg ein prat med GG (Gunnar Grodås) om kva han trur om kampen i mårå samt sesongen som står for døra. KORLEIS ER DET MED NERVANE FØRE KAMPEN I MÅRÅ? Gunnar: Som dei har vore før, håpar vi kjem godt i gong. Men spenninga er å ta og føle på. KVA LAG STILLER DU OG MORTEN I MÅRÅ? Gunnar: Vi stiller altid det best laget :-) FORMASJON / TAKTIKK? Gunnar: 4-4-2, vil prøve å bruke dei romma som motstanderen gir oss. Vere kompakte og ta dei sjansane vi får. HAR DOKKE MED POENG HEIMAT I MÅRÅ KVELD? Gunnar: JA! KVA TRUR DU OM LAGET I SESONGEN 2006? Gunnar: Vi har eit ungt og godt lag, prestasjonane vil variere men det blir mange positive opplevelsar igjenom sesongen. RYKKER HIL NED 2006? Gunnar: NEI KA LAG KJEMT TIL Å RYKKE OPP TRUR DU? Gunnar: FLORØ, EIKEFJORD KA LAG KJEM TIL Å RYKKE NED TRUR DU? Gunnar: Det vil eg ikkje spekulere i VI HAR MANGE UNGE SPELARAR I ÅR OG, KVEN HAR DU STOR TRU PÅ SKAL OVERRASKE PUBLIKUM I ÅR? Gunnar: Vår 16årige keeper Sondre Grodås kjem til å overraske mange, Eivind Grodås, Håvard Sollied og Rasmus Gausemel med fleire vil vise seg fram denne sesongen. KVIFOR SKAL PUBLIKUM MØTE OPP PÅ STADION I ÅR? Gunnar: Fordi HIL skal spele god angrepsfotball med mange midtbanetrekk. Med andre ord ein fortsettelse på fjordårssesongen. DITT BESTE FOTBALLMINNE MED HIL? Gunnar: Eg har so mange gode minner med HIL at eg har vanskeleg med å dra fram det beste. Eit av dei er då eg vart kåra til Honndalscupens beste spelar ein gong på 70 talet. ( Med andre ord for 100år sida ) DITT VERSTE FOTBALLMINNE MED HIL? Gunnar: Opprykkskamp i Balestrand 4 divisjon. Selje hadde ikkje avgitt poeng heile sesongen og var rykka opp då dei skulle møte bunnlaget. Den kampen tapte dei!! Vi vann vår kamp men det hjelpte då ingen verdens ting!! Jævl.. garnfiskarar frå stadt!! Takk for intervjuet Gunnar og lykke til med kampen mot Eikefjord i mårå!!