Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Førstkomande fredag starter sesongen på heimebane for HIL. På andre sida står Jølster som gjekk på eit sviande tap for Askvoll/Holmedal i premiera sist søndag. Jølster har sjølv tippa Askvoll / Holmedal nord og ned etter denne sesongen så dette må ha vore eit sjokk for Jølstringane. For heimelaget sin del kom ikkje tapet mot Eikefjord på bortebane som ein overraskelse, vi viste at det kom til å bli ei tøff oppgåve for eit noko redusert HIL lag. Men til helga er dei fleste på plass igjen og heimebana vår skal fortsatt vere eit fort!. Her skal det kjempast med nebb og klør om kvart eit jæv.. poeng. Så vi ønskjer Jølster hjerteleg velkomne til krig fredag 05.05 18:00!!
Fortsetter med Tett på praten og denne gongen er vi komen til Kokken Rolf:
E DU I FORM I DAG KOBBEN?
Kokken Rolf: Eg er alltid i form!
KVA TRUR DU OM ÅRETS HIL UTGÅVE?
Kokken Rolf: Vi får håpe det går bra, det var ikkje så bra i første kamp men karane kjem sterkt tilbake.
KVEN STIKK AV MED POENGA FREDAG?
Kokken Rolf: Honndalen!!
KVA ER DINE TANKER OM JØLSTER?
Kokken Rolf: Mindre fisk i Jølstravatnet en Honndalsvatnet!
SKAL DU SJÅ KAMPEN?
Kokken Rolf: Er ikkje heilt sikker, men kanskje.
BLIR DET BILLEGSALG PÅ PUBEN VED SIGER?
Kokken Rolf: Billigsalg er eit ukjent ord for meg, kvalitet koster!
KVA SYNS DU OM GG SOM TRENAR?
Kokken Rolf: Burde ha alle forutsetningar tross sin høge alder.
RYKKER HIL NED FRÅ 4 DIV I ÅR?
Kokken Rolf: NEI
KVA ER DITT BESTE FOTBALLMINNE MED HIL?
Kokken Rolf: Skoringa mi borte mot Aurland i 1973.
KVA ER DITT VERSTE FOTBALLMINNE MED HIL?
Kokken Rolf: At skoringa mi mot Aurland i 1973 vart annulert!
HAR DU EI HELSING TIL DEI RAUDE/SVARTE FØR KAMPEN FREDAG?
Kokken Rolf: Lykke til, stå på! Send Geir Espe og Jølster slukøyra heim utan poeng.
Då seie vi takk for nettpraten med Kokken Rolf og ynskjer laget lykke til mot Jøster komande fredag. Måtte mange ta turen til stadion dette blir moro!! |
|
|