Høyang - Hornindal 3-6

Damelaget vann borte mot Høyang sist Fredag(19mai) I følge Sveinung var dette ein fullt fortjent siger og årsbeste. Damene hausta og lovord frå motstandar laget.Høyang trenaren hadde sagt at HIL hadde eit "jækla bra lag" Startoppstilling: Yasmin, Linda,Beate, Gunlaug, Randi, Marie Ingeborg, Ivrine, Hilde, Ann Kristin, Annne Marte og Rosmari. Innbyttarar: Helene og Trude. Hil tok leiinga 1-0 (Ivrine), men Høyang slo tilbake å leda 2-1 til pause. Etter ein fantastisk 2 omg vann HIL tilslutt 6-3. Mål av: Ivrine2, Helene, Anne Marte og Rosmari. Ein fullt fortjent siger og ikkje minst årsbeste av damene våre. Viktig med ein siger no!! No er det berre å stå på vidare og sope poeng!!! Neste kamp er borte mot Sandane 3 juni. Lykke til!