Askvoll/Holmedal - HIL 2-1

Det vart tap 2-1 i den viktige bortekampen mot Askvoll / Holmedal laurdag 3 Juni. HIL leverte ein svak kamp og måtte reise tomhendt frå Holmedal. HIL sitt mål vart satt inn av Terje Haugen Øye. Pauseresultatet var 1-1, AHIL gjekk i leiing etter kvarteret mens HIL utlikna rett før pause. Vinnarmålet til AHIL vart satt inn etter 60min spel. Iht Gunnar presterte heile laget lang under pari, svake avleveringar, dårlege valg prega spelet til HIL og det blir det som regel ikkje poeng av. No blir det særs viktig medsiger i komande helgs heimekamp mot Syril om ikkje HIL vil bli liggande og kave i feil ende av tabellen.