Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Hornindal stadion 11.06 Kl. 15:00
HIL-Syril 0-1 (0-1)
Laget:
Sondre
Jan Rune, Edvin, Marius, Håvard
Terje F, Svein Olav, Rasmus, Morten
Frank, Øyestrikjen
benytta innbyttarar: Martin, Eivind
Syril kom til Hornindal med kun 11 spelarar men det hindra ikkje laget frå Sogn å stikke av med alle poenga i bunnkampen på Hornindal Stadion. Det spelet som HIL presterte i fyrste omgang var mildt sagt elendig. Syril skåra etter 13min, innlegg vart slått i bakrom på 7-8 m og ein Syrilspelarar fekk stå heilt åleine berre å styre ballen i nota. HIL fortsatte med rufsete spel men kom til nokre sporadiske sjansar. Når HIL heller ikkje skårer på straffe rett før pause ja då blir det vanskeleg. Etter pause fungerte ting betre og HIL dominerte stort utan å få satt ballen i mål. Dei siste 15-20 minutta bodde HIL spelarane rundt 16m til Syril. MEN ein svært god Syrilkeeper samt svake avslutningar førte til at Syril hadde alle tre poenga i lomma når dommaren blåste av kampen. Dette var kampen HIL skulle vinne men som utvikla seg til eit aldri så lite mareritt. Akkurat no er HIL eit bunnlag og bør snarast bedre spelet sitt dersom ikkje laget skal "gro" fast i botnen. Komande helg er det vanskeleg bortekamp mot eit loenlag som fekk grisebank borte mot Eikfjord, reknar med at dei er ute etter å reise kjerringa igjen. REKNAR OG MED AT HIL ER REVANSJELYSTNE! Det bør dei vere etter den svake prestasjonen i går. |
|
|