Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Marius Grodås skreiv i går kveld under på utleigeavtale med Stryn som bind han til 3divisjonsklubben ut vårsesongen. Han får då i fyrste omgang med seg 2 kampar for Stryn, oppgjera mot Førde og Sogndal 2. Vi ynskjer vårt store (lille) balltalent lykke til med spel for Stryn. Samtidig med Marius sin overgang til Stryn kjem talenta Alexander Eikenes og Kristian Brynestad til Hornindal. Begge to har signert på ein utleigeavtale med Hornindal ut vårsesongen og får med seg oppgjera mot Loen og Årdal2. Vi ynskjer Alexander og Kristian hjerteleg velkomne til klubben vår. Samarbeidet med Stryn har det siste halve året utvikla seg svært positivt noko vi særleg kan takke Dagmund Evebø for! Vi ser fram mot eit utvida samarbeid frå hausten av både på talentutvikling, leiar og klubbutvikling. Eit tett og konstruktivt samarbeid vil begge klubbar hauste frukter av i åra som kjem. |
|
|