Førde-HIL Damer 1-1

Damelaget til HIL spelte uavgjort 1-1 i bortekampen mot Førde i går kveld. Startoppstilling: Yasmin, Linda, Beate, Randi, Iselin, Marie, Nathalie, Maria, Ann Kristin, Gunlaug og Hilde. Innbyttarar: Ivrine, Helene, Kristine, Terese (fekk sin honndals debut). Johanne, Ingrid og Samuline var og med til Førde, men fekk ikkje speletid i denne kampen. Dei var alle 3 enige om at det var ein fin tur for det;) I følge Sveinung Gausemel og Maria Susann Sollid var honndalen det førande laget i 1 omgong, men Førde leia allikavel 1-0 til pause. Etter 2 min av 2 omg. utlikna Gunlaug Tenden. Dei fyrste 15 min av 2 omg er veldig bra og HIL kunna fort fått eit mål til. Dei siste 20 min pressar Førde voldsomt på og HIL er alt i alt gla for å få med seg eit poeng heimatt til Honndalen. Forutan ros til heile laget så syntest Gausemelen at Beate var Honndalens beste i går og Maria fekk og eit ekstra pluss i margen. Ho var tydleg fornøgd med kampen og humøret tatt i betrakning så vart det sikkert ein lett tur heimover i seine kvelds tima i går kveld. Neste kamp er no komande Søndag heime mot Kaupanger2. Lykke til jenter!!!