Loen-Hil 2-2

Loen-Hornindal 2-2 (1-1) Loen Stadion Gule kort: Terje F, 2 ( rødt ) Søndag 18.06 Kl. 15:00 Laget: Sondre, Jan Rune, Edvin, Kristian, Håvard Svein Olav, Alexsander, Terje HØ, Ole Christian Terje F, Fran H Benytta reserver: Rasmus, Morten,Eivind Det vart som forventa ein tøff kamp mellom to lag som begge hadde dårlege resultat frå helga før å hevne. Loen var det klart førande laget dei første 10min, men etterkvart kom HIL meir med å skapte farlege sjansar. Fyrste målet kom etter ca 15 min då Terje F (målkongen) sklei igjenom Loen forsvaret som varm kniv i smør og skåra sikkert mot Loen målvakta. Men HIL var ikkje meir en ca 10min i paradis før det igjen var ballanse i rekneskapen, Loen kom på visit på venstre side og skar inn rundt Edvin og heile vegen inn og putta sikkert til venstre for Sondre. Der i frå og inn i første omgang hadde HIL dei største sjansane og burde ha gått til leiing til pause. Men det ebba ut med 1-1. Andre omgang var ikkje spela mange minutta før HIL pressa ein Loenspelar til å stusse ballen nydeleg i eige nett på corner, 1-2 til HIL!. Men nok ein gong skulle heimelaget kome tilbake og skot frå 13-14m gjekk forbi Sondre og i nota, 2-2 Etter ca 70min feller Terje F (har gått ned som midtstoppar ) ein Loenspelar i brudd på veg igjenom og får sitt korrekte andre gule kort og må i tidleg dusj. Gunnar og Morten la fort om og kjørte fra Terje som einsleg spiss. HIL var absolutt med på notane til tross for kun 10spelarar og kunne fort ha avgjort kampen med store sjansar til Ole Chr, Terje og Frank. Terje skulle også hatt klar straffe etter å ha blitt felt på fri veg mot keeper. Men kampen ebba ut med 2-2, alt i alt eit nokså fair resultat sjølv om HIL hadde dei største sjansane i denne kampen. Plusspoeng til våre to nye spelarar, Alexander og Kristian, begge fekk vist at dei er talentfulle og har mykje å fare med på fotballbana. Litt meire trening så held dette absolutt mål!! 4 divisjon er no særs tett bak trioen Florø, Eikefjord og Årdal. Kun 4poeng mellom tabelljumbo og fjerdeplassen som Loen har med sine 10poeng. HIL ligg tre poeng bak på tredje sisteplass. Men mykje vil forandre seg utover hausten og HIL kjem til å ta mange fleire poeng. Det er no berre ein kamp igjen på våren, kampen mot Årdal2 heime den 6Juli, den skal vi vinne!!