HIL damer - Kaupanger2 1-3

Damelaget vårt tapte dessverre siste heimekampen denne våren 1-3 for Kaupanger2.Resultata for damene har ikkje heilt gått vegen denne våren. Eit særs talentfullt mannskap har ikkje fått betalt som dei burde. Vi må berre kjempe på videre. Vårsesongen må evaluerast kritisk og ein må finne ut kvifor ein ikkje klarer å karre til seg fleire poeng. DET POSITIVE er ein flott stall med mange, mange gode spelarar, vi bør derfor ha mykje positivt å sjå fram mot til haustsesongen. Litt meir om kampen: Startoppstilling: Yasmin, Linda, Beate, Iselin, Rosmari, Maria, Randi, Johanne, Hilde, Gunlaug og Nathalie. Innbyttarar: Ann Kristin, Kristine, Helene, Ingrid, Terese og Samuline. I fyrste omgong var damene fullt på høgde med kaupanger. Kaupanger tok leiinga 1-0 etter 9min. I det 23 min utlikna Hilde Nordnes og dette var og stillinga til pause.Over i 2 omg vart det 2 skåringar til Kaupanger og ingen til HIL som då gjorde at kampen som sagt enda med 3-1 siger til Kaupanger 2. Alt i alt ein fortjent siger til gjestene frå Sogn.