HIL - Eikefjord 4-3

Eikefjord kom til Honndalen og skulle hente 3 poeng i går, men det gjekk ikkje so bra. Sidan Eikefjord mangla 2-3 sentrale spelarar og Hil hadde fått på plass fleire av dei som mangla i vårkampen borte mot Eikefjord so bikka kampen i Hil sin favør. Til denne kampen hadde vi nærmast full tropp, men mangla spelarar som Frank Hool, Svein Olav Solum, Aleksander Eikenes og Sindre Fannemel. Dei 3 fyrste er truleg aktuelle til bortekamp mot Jølster. Startoppstilling: Sondre, Jan Rune, Rasmus, Kristian B, Håvard. Per Otto, Terje H Ø, Erlend, Ole Christian, Terje F og Morten. Innbyttar: Tarjei, Eivind, Edvin, Anders Elling, Rasmus F, Kristian H, Lars V. (unnskyld viss nokon er gløymt) Kampen opna friskt med sjansar til begge lag. Eikefjord fekk ei straffe som Sondre redda meisterleg og held Hil inne i kampen. Så vert det 1-0 ved Morten. Eikefjord får deretter 2 mål og ledar 2-1 til pause. Etter pause utlignar Flåmmen til 2-2 før Taraldseten scora frå 60 meter!!! Ein utrusande Eikefjord keeper blir vel litt usikker av Terje F som kjem trampande og ballen sprett over han og i mål og vipps 3-2 til Honndalen!! Deretter bølger spelet fram og tilbake inntil Terje Haugen Øye chippar ballen fint i mål og 4-2 til Hil. Rett før slutt filmar ein Eikefjordspelar seg til eit straffespark som Eikefjord set i mål, men det er ikkje langt i frå at Sondre tek dette og. Vi ror til slutt i land ein uhyre viktig og etter mitt syn ein fullt fortjent siger. Tilslutt vil eg berre sei at vi må gjere noko med humøret i laget både på bana og på benken!! Vi kan ikkje sutre og klage i 90 min kvar en ..... kamp. Vi må bite tennene i hop og jobbe som f... Vi veit so innderlegvel at vi ikkje klarar å få ein dommar til og ombestemme seg når han alt har blese!!! Uansett gutta no er det straks trening og på fredag er det ny kamp. På "golanhøgda" på Skei i Jølster. Vi skal ha poeng der og aller helst revansjere 5-1 tapet frå vårsesongen og ta med alle 3 poenga heim.