Før kampen Førde2 - HIL (herrar)

Då nærma det seg helg igjen og ein ny kamp om poeng står for tur. Denne helga er det som kjent Førde2 vi skal "kjivast" med. I følge vår eminente oppmann Pål Rene Heggen så går kampen på KUNSTGRAS i Førde laurdag kl.15.00. Tre ting er sikkert. Verken Terje "premie saud" Haugen Øye, Per Otto Lien eller Frank Hool blir med på denne kampen.Per Otto har reist i militæret for å tjene kongen og fedrelandet. Franken er forøvrig på tur til landet som vert kalla "de tusen sjøers land". Nokon so veit kar det e hen? Noko anna er og sikkert!! Vi får ikkje mål på laurdag viss skota sete som på trening i går(ons.) 5 mål på 120 avsluttninga!! Herregud gutta, det er berre å grave seg ned!!! Uansett så vert dette endå ein tøff kamp. Førde stille nok eit mykje sterkare lag i denne kampen enn i kampen på gamlebana i vår. Dei har fått orden på skadesituasjonen på begge laga. Dette vise igjen på poenga dei har samla sidan kampen i Honndalen. Så her må det fullt fokus til!! Vi må på bana for å krige og ikkje for å stå med hua i handa og kjefte på dommaren! Lykke til folkens!!! Mitt tips: Førde 2 og HIL 2 PS! Per Otto må gjerne sende reisebrev elle vertfall korte livsteikn inn i mellom all kriginga:)