Førde2 - HIL 3-0 (herrar)

I går gjekk HIL på eit nytt tap. HIL var fullt på høgde med Førde, men greidde ikkje å få ballen i mål. Startoppstilling: Sondre, Jan Rune, Edvin, Kristian B, Idol Håvard, Morten, Erlend, Rasmus, Tarjei, Eivind og Ole Christian. Benytta innbytte: Martin og Anders Elling. Ubenytta: GG;) HIL gjekk ut i 4-3-3.Allereide etter 3 min er Eivind frampå og presentera seg. Avsluttninga slår keeper til corner. Førde hadde ikkje mykje sjansar i 1.omg, men får eit mål på ein corner. Spelet bølgar fram og tilbake. HIL kunne med litt flaks hatt et mål, men det vil seg ikkje! Pauseres: 1-0 I starten av 2.omg styre HIL kampen. Etter 50 min blir Erlend felt innanfor 16 meteren. Dommar Endestad frå Eikefjord er ikkje i tvil. STRAFFE!! Morten tar den, men ein god Sturla Iman reddar. Kampen jyngar fram og tilbake heilt til Førde scorar 2-0 målet i 73 min. Då resignera HIL og Førde skapar månge sjansar på slutten. Heilt fortjent set dei ballen i mål til 3-0 i det 90 min. Det kan vel nemnast at HIL hadde sine sjansar og, men er ikkje dyktige nok framfor mål!! Gule kort: Jan Rune og Kristian. Neste helg er det Florø som kjem til Honndalen. Dei vil nok revansjere 3-2 tapet dei hadde mot oss på heimebane i vårsesongen.