Damelaget startar haustsesongen

Fredag er det truleg klart for haustsesongens fyrste kamp for damelaget. Underteikna har vore i kontakt med trenar Sveinung Gausemel og fått litt opplysninga om ståda rundt laget før haustsesongen. Etter at nokre kampar har blitt utsett så er endlig damene klar til dyst. HIL har mista nokre spelarar frå vårsesongen. Bla. har Ann Kristin Grodås og Iselin Myklebust tatt med seg fotballskona og reist til Brasil for å spele sambafotball. I tillegg så har det oppstått eit keeperproblem. Anne Marte Espe og Yasmin Sunde Hoel er begge uaktuelle for haustsesongen, men i følge Sveinung kan dette ordne seg i løpet av korttid viss en har litt flaks;) Andre spelarar har flytta på seg for å studere. Linda Kristin Tomasgård og Beate Lødemel i Sogndal og Randi Muldsvor i Bergen. Randi trenar forøvrig med Sandviken og i følge ho så brukar dei månge av dei same øvingane i Sandviken som i Honndalen. Dei 3 sistnemde er med for fullt i haustsesongen. Sveinung seie elles at treningsoppmøte i sommar har vore labert. Dette skuldast mest sommarjobbar som tek mykje tid for månge av spelarane, men dei er no klar til å ta i mot Sogndal på heimebane fyrstkomande Fredag kl 19. So folkens det er berre å møte opp og heie fram damene våre!!! Lykke til;)