Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Søndag er det klart for ny kamp for herrelaget. Då er det topplaget Florø som kjem til Honndalen og skal revansjere eit surt 3-2 tap på heimebane i Florø i vårsesongen.Forøvrig sesongens einaste serietap for florøværingane.
Florø er so godt som klar for nesteårs 3 divisjon allereide, men kjem nok ikkje til å ta lett på eit HIL lag som er som ein jojo for tida.
Troppen er: Sondre, Jan Rune, Håvard, Kristian B, Frank, Morten, Tarjei, Terje H Ø, Edvin, Erlend, Anders E, Morten, Ole Christian, Terje F, Martin, og Eivind. (med forbehold om feil)
Til denne kampen manglar vi Rasmus G som er i Trondheim å hoppar i Granåsen, og dei to militærkarane Per Otto og Sindre.
Vi i HIL satsar på at det vert 3 poeng til oss i denne kampen. Vi håpar på at det blir som på 1930 talet då Florøværingane skulle til Honndalen å lære hånndølene å spele fotball;)
Resultatet den gong vart 6-1 til HIL. (Sjå på linken lagbilder). Uansett så vert dette ein tøff kamp for oss og i den situasjonen vi er i no, så treng vi alle poenga vi kan få.
Vi håpar at publikum kjem seg på stadion og heiar fram HIL-herrane til nye poeng på gamlebana søndag kl.15.00
NB! Husk damekampen HIL - Sogndal i kveld kl.19.00 |
|
|