HIL - Sogndal 2-2 (damer)

HIL sine damer spelte fredagkveld uavgjort 2-2 mot Sogndal på Hornindal Idrettspark. Startoppstilling: Siri , Linda, Beate, Maria,Helene, Ingrid, Ann Kristin, Gunlaug, Marie, Ivrine og Hilde. Innbyttarar: Toril og Johanne. 1 omg er bort imot årsbeste i følge trenar Sveinung Gausemel. HIL pressar godt på og har mykje fint spel, og i det 23 min tar HIL leiinga etter eit fint og vel plassert langskot av Hilde Nordnes. Spele bølgar litt fram og tilbake før Ann Kristin Grodås sende HIL i opp i 2-0 etter 31 min. Dessverre så reduserar Sogndal til 2-1 i 35 min etter at vi slurvar i angrep og dei kontarar ballen i mål. Pauseresultat: 2-1 I 2 omg dett damene litt i hop og Sogndal utlikna til 2-2 i 65.min. So 2-2 er alt i alt eit ok resultat. Hadde vi hatt litt betre oppmøte på trening og fått opp kondisen så hadde dette kunna gått vegen, seier Sveinung G. Han oppsummerte kampen slik: Vi spelar kjempe fotball til tider for så å ramle heilt i hop. Artig å sjå at damene tørr å skyte frå distanse. Dette er noko vi har fokusert på i ferien. Ekstra pluss til Gunlaug og Hilde for innsatsen. Elles vart 100 kg lettare når det vart klart at Siri Honningsvåg ville gjer comeback i mål for oss. Dette løyste et STORT problem. FLOTT SIRI!!! Også gledeleg at Toril Alme var tilbake for oss. I tillegg så manglar vi bla. Nathalie, Rosmari, Randi og Iselin. Så med desse på plass i tillegg til dagens tropp kan det bli ein fin haust om vi får kondisen opp eit hakk;)