HIL - Florø 1-4 (herrar)

Florø fekk i dag revansjert seg frå vårsesongens tap mot HIL: Florø var klart best, men HIL hong greit med, men ødela for seg sjølv med en del store personlege feil. Startoppstilling: Sondre, Jan Rune, Edvin, Kristian B, Håvard, Morten, Erlend, Ole Christian, Terje H Ø, Frank og Terje F. Benytta innbyttarar: Eivind, Tarjei og Martin. HIL gjekk ut i 4-3-3 og var godt med i kampen, men kom berre til nokre hal-sjansar.Bla var Terje F åleine med keeper eit par gongar utan å få heilt dreisen på avsluttningane. Florø tok leiinga 1-0 etter ca 35 min. Pauseres: 1-0 I 2 omg la HIL om til 4-4-2. Frank Hool gjekk ut og inn kom Eivind Grodås. Etter litt fram og tilbake kom Florø i angrep og fekk truleg historia sitt klaraste straffespark på Hornindal Stadion. Den sette dei sikkert i mål og vips 2-0. Så kom HIL til nokre halsjansar før Florø var frampå og putta inn 3 og 4-0 i løpet av kort tid. Litt seinare redusert Eivind på dødball for HIL, var Eivind sitt fyrste mål på seniornivå, og det blir nok månge fleire frå den kanten, berre vent!!;) Florø hadde til slutt fullkontroll på kampen og var vel nærmare 5-1 enn HIL var 4-2. Fullt fortjent siger til eit sterkt Florølag som truleg allereide er i 3 divisjon. Neste kamp for HIL er heime mot Askvoll/Holmedal. Forhåpentlegvis ein kamp som går Laurdag 2.september.