Jølster - HIL 4-1 (damer)

Fredagkveld var det damelaget sin tur til å prøve å få med seg poeng heim frå "golanhøgda" på Skei i Jølster. Det vart ei tøff oppgåve og Jølster vann fullt fortjent 4-1. Startoppstilling:4-4-2 Nathalie, Linda, Beate, Helene. Marie, Rosmari, Gunlaug, Ann Kristin, Ingrid, Randi, Hilde. Innbyttarar: Johanne og Samuline. Allereide etter 10min var Jølster i leiinga 2-0. Fyrste målet var klar offside, men det la ein elles god dommar ikkje merke til. I denne omgongen var Jølster klart best og kunne fort ha leda mykje meir, men litt flaks og ei god Nathalie i mål hindra fleire baklengs. Vi noterte kun ein halsjanse til HIL v/ Ann Kristin i denne omgongen. Pauseres: 2-0 I pausen var jentene tydleg misfornøgde med eigen innsats og var tydleg på at dei ville på bana igjen for å gje Jølster kamp om poenga. Vi endre litt på formasjonen og laget gjekk ut og kriga skikkeleg. Jølster hadde og sine sjansar,men Nathalie held HIL inne i kampen med ei fantomredning i det 55min. I det 57.min reduserar Ingrid på eit flott skot som går i ei fin bue over en utspelt jølsterkeeper. Vi på sidelinja får trua på at dette verkeleg kan gå HIL sin veg. I dei 20 fyrste minutta av 2 omg pressar HIL og kjem til fleire sjansar. Bla. ha Rosmari 2 skumle frispark frå 20 meter som går like over tverrliggaren. Etter dette so får Jølster eit billig døballmål og dette vert då spikaren i kista. Dei får eit mål til og vinn alt i alt fortjent 4-1. Neste helg ventar det to kampar på damene. Både Fredag og Søndag vert det kamp på Hornindal Stadion. Møt opp og støtt opp om Honndalsfotballen folkens!!!