Langbord m/betasuppe (5 års jubileum)

Fredag etter damekampen er alle spelarar på herre og damelaget med trenarar og støtteapparat invitert opp på den flottaste plassen i Honndalen (gjerne verdasfinaste og trivlegaste plass)Grothaug på långbord og betasuppe. Det vert sett opp telt på plenen min slik at viss regnet kjem så kan det berre regne. Ta med godt humør, songstemme, varmekle og drekke til maten. Dette er et arrangement kun for folk tilknytta fotballen i Honndalen so eg ber om forståing om at ingen kan ta med seg "sine" (les, vennar, kjæreste, elskar, kone/mann osv)på denne kvelden. Elles så ber eg jungeltelegrafen gå slik at alle spelarar og støtteapperat får med seg denne hendinga. So nemn dette på trening o.l i dagane som kjem. Underteikna ynskjer tilbakemelding på sms frå kvar spelar slik at ein kan berekne nok suppe til alle;) Send til 90 84 12 49. Eg oppfordrar spelarar på herrelaget til å stille opp og heie fram damene på stadion før matgilde tek til. Håpar at dei fleste tek seg tid til å vere med på dette. Mbh Edvin