Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Førstkomande søndag er det duka for litt av eit lokaloppgjer mot Loen. Begge lag treng poenga for å overleve i 4 divisjon. Loen har bak seg ei lang, lang rekkje med braktap og har 26 baklengs på dei tre siste kampane sine. Dette vil likevel ikkje bety ein dritt med tanke på kampen til helga. Begge laga veit at knivbladet er pressa djupt inn mot adamseplet og kun siger er godt nok. Heimelaget har vel betre sjansar en Loen med tanke på uavgjort men då er alt for mykje avhengig av kva som skjer med Syril. Men HIL har vist seg å vere eit betre lag en Loen denne sesongen, har ingen store tap, men mange jamne kampar som har bikka i vår disfavør noko som til sist har ført oss inn i nedrykksstrida. No skal vi stå opp!, kjempe som løver og vise at Hornindal Stadion ( gamlebana ) er eit fort, her skal det ikkje rotast vekk fleire poeng denne sesongen. Eg er heilt sikker på at Grodås/Taraldset & Co tar denne oppgåva på strak arm. Håper folk tek turen på siste heimekamp denne sesongen og jublar laget fram mot fornya kontrakt i 4 divisjon. LYKKE TIL!!!!!! |
|
|