Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I dagens kamp mot Loen vart resultatet 1-1.
HIL starta med same ellevar som mot Syril sist.
Sondre, Rasmus, Kristian, Terje F, Jan Rune, Edvin, Frank; Håvard, Ole Ch, Tarjei og Terje H Ø.
Benken: Morten, Erlend, Eivind, Anders E og Bønen.
I fyrste omg ekje det veldig mykje som skjer, men HIL har grei kontroll. Erlend kjem inn etter ca 15 min og gjer ein god jobb på midtbana.
Nokre skumle sjansar kjem vi til, men pauseresultat er 0-0.
I pausen er alle samde om at det skal gå veien og laget går på bana for å ta 3 poeng.
HIL har i denne omgongen månge store sjansar. Erlend, Terje F, Terje H Ø, Frank alle desse kunne fort ha putta både 1 mål eller 2.
Frank Hool sende HIL fortjent i leiinga etter ein corner. Han styre ei heading frå Terje F i mål med hofta.
Etter dette pressar som sagt HIL på og burde auka leiinga, men i staden så utliknar Andreas Drageset til 1-1 etter en kjempeglipp/markeringssvikt i HIL-forsvaret.
Loen får med dette opp dampen og pressar på for å få med alle 3 poenga innatt i fjorden, men det klarar dei ikkje. Faktisk kunne Frank og Terje F ordna 3 poeng rett før ein god dommar Per Oddvar Lien blæs av kampen, men det ville seg ikkje for HIL i denne gongen heller.
Uansett så er vi den situasjonen at vi kan avgjere vår eigen skjebne neste helg i Årdal.
Så det vert eit HIL lag som kjem til å mobilisere for å MINST klare et poeng i Årdal søndag om ei veke. |
|
|