Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Vi i redakjsjonen har vore ute i kveld og tatt en prat med ein av dei unge og lovande HIL-spelarane før den viktige kampen mot Årdal2 i morgon.
Tarjei Lødøen som er 17 år og ein framad stormande fotballsparkar tok imot oss med eit smil ca kl 20.00.
Spm1: Korleis er nervane i dag?
Næsj, nerva? Heilt fine... e jo vande med litt nerva i ny og ne. Bli omtrent sånn so når eg kveda for krompen og dama tidlegare i haust. So ska vel klare måra dajen og.
Spm2: Ha du nåken faste rituale kvelden før kamp?
Nja, bruka å ta meg en tur i fjøsen og go snakka med kyrne våre og får litt gode tips.
Spm3: Kva trur du om sjansane til HIL i måra?
Det blir tøft. Det e heilt sikkert, men håpa på ett poeng vertfall.
Spm4: Kva synst du om miljøet i HIL-fotball for tida?
Jau det e bra det. Kom seg når vi fekk inn litt stryninga vart kjekkare då. Litt meir seriøst då.
Spm5: Kva har vore positivt og negativt for deg i åretssesong?
Jau det ska eg sei dåkke. Det kjekke e at eg ha fått meg nye fotballsokka og at benkane rundt om i fylke ikkje e so vest å sitje på.
D trasige e at all dinje fotballen går utover trompetkarriera mi. E faktisk veldig go å spele trompet og eg.
Spm6: Resultattips for morgendagen?
Trur vi vinn 3-2
Vi i redaksjonen takkar ein sporty Tarjei som sjøl dagen før ein so viktig kamp tok seg tida til å snakke med oss. Han tok på seg kjeledressen for å gå ein tur i fjøsen før han skulle i seng.
Han lovde å vere i seng seinast 21.30. Vi vinka hadi te na i det han går inn i fjøsen og ropte go natt;) |
|
|