Årdal2 - HIL 3-4 (herrar)

HIL reiste i dag tidleg til Årdal for å gjere sitt for å berge 4 divisjonskontrakta. Det har vore månge forskjellige teoriar på korleis vi skulle beholde plassen i divisjonen. Den enklaste var om vi skulle greie 3 poeng i ein VELDIG vanskleg bortekamp i Sogn. HIL starta slik: Sondre, Jan Rune,Terje F, Kristian, Rasmus, Ole Chr, Frank, Håvard, Erlend, Eivind og Terje H Ø. Benken: Morten, Tarjei og Edvin. 1 omgongen i Årdal er noko av det verste som HIL har prestert i år. Ingenting fungerte. Sjølv om vi visste at poeng i denne kampen kan vere nødvendig for å overleve årets 4 div. Allereide etter knappe 7 min er Årdal sin superspiss Rune Førde frampå og puttar inn 1-0 etter at ballen "sklei av zalohanskane" til keeper Grodås. Årdal puttar ytterlegar 2 ballar i mål og leiar fortjent 3-0 til pause! I andre omg startar som 1 omg slutta HIL vert springande i mellom og Årdal får gjere som dei vil. MEN.... så får HIL frispark 10 meter innpå Årdal sin halvdel og Flåmmen slår ballen rett på haude til Hoolen som headar ballen fint i vinkelen.3-1. Dette føre til at HIL får trua på at det faktisk går an å få med seg poeng heimatt. Spelarane hevar seg og blir mykje meir pågånde i duellane og jobbar sakte men sikkert Årdal i senk. 3-2 kjem etter dagens flottast HIL-angrep. Erlend slår ei fantastisk gjennombruddspasning på kanten til Hoolen som slår ballen framfor mål og Ole Chr puttar i mål. No e håpet virkleg tent. HIL jobbar og slit vidare. 3-3 kjem på eit straffespark etter at Hoolen vert skubba overende innanfor 16 meteren. Ein Årdalspelar pratar i sameslengen på seg eit unødvendig raudtkort og jammen har vi plutseleg 3-3 og er ein spelar meir på bana. Forresten so va det Terje F som sette straffa sikkert i mål. 3-4 kom etter eit genialt frispark trekk som Sogndalsgjengen(Ole og Kristian)har trena en del på. Kristian slær ballen til Ole som brassesparkar ballen i tverrliggaren, men framme på returen er Tarjei Lødøen og bankar ballen kontant i mål. Dette må seiast å vere ein av dei beste omgongane HIL har levert på månge år. Det skal og seiast at Årdal fort kunne pungtert kampen tidleg i 2 omg, men endeleg har HIL dei berømte marginane på si side. Dermed vert det 4 divisjon på gamlebana nesteår og. Bra jobba folkens.