HIL på botnen av lista

Fotballkretsen i fylket har gjennom sesongen reist rundt på samtlege stadionar i 3 og 4 divisjon for å sjå på kamparrangmenta. Utifrå fastlagde kriteriar (bla. speakertjeneste, baneforhold, kiosk, kampprogram osv) vert klubbane vurderte og får til slutt ein poengsum. For å få godkjent må ein ha minst 46 poeng. Selje som vann denne "tevlinga" fekk 65 av 72 moglege poeng. På 20 og SISTE plass finn vi HIL med utrulige 28 av 72 poeng. 3 andre klubbar i desse 2 divisjonane fekk den tvilsome gleda å vere i HIL sitt selskap. Det er Loen, Jølster og Sogndal2. Her har vi i HIL en jobb å gjere fram mot neste sesong;)