Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Neste stopp på rundturen er i Stryn med Frank Hool.
Frank kom til HIL før denne sesongen. Han har gjort en veldig god og viktig jobb for HIL.
Han delte toppscorartittelen med Morten og Terje H Ø.
Her kan de lese litt om Frank og korleis han har opplevd sesongen i HIL.
Spm1: Korleis har din fyrste sesong i Honndalen vore?
Til tross for at marginane sjeldan bikka vår veg i år, har eg hatt mykje
moro i min fyrste sesong med Honndalen. Eg hadde eigentleg tenkt å ta
eit kvileår, men då han Steinar "Laksen" Bakka kom inn til Stryn og
skrudde på sjarmen hadde eg lite å stå imot med. Eg opplevde etter kvart
at fotballgjengen i Honndalen er knakande kjekke karar alt i hop, og
spesielt koselig er det sjølvsagt med turtelduene Ole Christian Nygård
og Kristian Brynestad.
Spm2: Har det at du er stryning vore et problem føle du?
I utgangspunktet høyres det kanskje noko kontroversielt ut å gå frå
Stryn til Honndalen, og mange stussa litt då eg gjorde det. Men
Honndalen har alltid hatt ein spesiell plass i mitt hjarte. Det heile
bjønde med då vi gjekk på fest i Honndalen før i tida, og lovlause
tilstandar regjerte. Seinare har eg stifta bekjentskap med mange
Honndøler, for eksempel han Ole Christian Haugen. Ein snildare mann skal
du jaggu leite lenge etter. Eg må også innrømme at eg også føl godt med
på alt Honndals-stoff i Fjordingen, og håpar verkeleg denne svømme-saka
ordnar seg til det beste for elevane frå Honndalen. For ikkje å snakke
om dinnja helvetes kraftlinja! Om ikkje den vert lagt under torva
forstår eg ingenting. Også kjekt å sjå ordførar Bjørn Lødemel i nesten
kvar einaste Fjording, men no må han snart hugse på dei to siste
knappane i skjorta si. Det at eg i utgangspunktet er så positiv til
Honndøler og Honndalen trur eg har vore med å gjere overgangen frå Stryn
ganske mjuk for meg, og det har slett ikkje vore noko problem å vere
stryning i Honndalen.
Spm3: Vart vår tabellplasseringa som forventa?
Der må eg svare eit klårt og tydeleg nei. Når ein ser tilbake på
sesongen kan eg berre hugse eit par kampar der vi heilt klart fortente å
tape. Med litt meir sjølvtillit og marginar på vår side kunne vi fort ha
plukka 10-15 poeng meir denne sesongen, og då ville vi kjempa om
medalje. Det fortel litt om potensialet i laget, noko eg tykkjer er
ganske imponerande med tanke på alle dei sentrale spelarane som har teke
steget vidare til Stryn. Det som vert utfordringa til neste sesong er å
få ut det som bur i laget, for det manglar ikkje på talent. I 2007
meiner eg Honndalen minst bør plassere seg på øvre halvdel av tabellen.
Spm4: Kva er høgdepunktet i karriera di?
Sjølv om eg ikkje spelte så mykje det året, må eg ta med 1996-sesongen
til Stryn i 2. divisjon. Vi vart nr 3, kun eit lite poeng bak Skjetten
som vann avdelinga. Det er den beste plasseringa Stryn har hatt nokon
gang, og det var like før vi rykka opp i 1. divisjon. Ein fantastisk
sesong for laget.
Elles har det vore moro å vere med i kampar mot motstandarar som
Sogndal, Brann og Molde. Vil også ta med siste seriekamp for Honndalen i
2006, borte mot Årdal 2. Å vinne 4-3 etter at vi låg under 0-3 var
fantastisk moro!
På den andre sida var det forferdeleg bittert å snuble i kvalifiseringa
til 2. divisjon med Stryn både i 2001 mot Elverum og i 2005 mot Ham-Kam
2.
Spm5: Føle du at folk i Stryn/Loen har sett ned på deg etter at du gjekk
frå Stryn til HIL?
Tvert imot! Samtlege strynespelarar og loenspelarar eg har snakka med er
heilt frå seg av misunning, og dei ynskjer nok også at dei ein gang kan
dra den raude og svarte honndalsdrakta over hovudet ein gang.
Eg hugsa spesielt då han Kåre Tonning var frå seg av beundring fordi eg
melde overgang til Honndalen. - Flott Frank, dette e
|
|
|