10 min med Randi Muldsvor

Då er vi komt vidare til intervjuobjekt nr.2. Det er Randi Muldsvor. Ho har vore fast inventar på HIL sitt damelag i ein del år. No har ho flytta til Bergen for å studere og kanskje prøve seg på eit høgare nivå innan fotball. Her kan de då lese litt om korleis Randi har opplevd åretssesong på damelaget og litt andre ting. Spm1: Gratulere med gullballen. Fortel litt kva det gjekk ut på. Takk!!! Gullballen er eit ferdighetsmerke med ulike tekniske øvelsar. Dei fleste har nok vore borti det før. Er triksingar, headingar, passningar, plassering av ball i mål, slalomløype på tid osv... Kjempekjekt. Anbefalar fleire å prøve!! Spm2: Kva tykkje du om årets sesong med damelaget? Kva gjekk bra og kva gjekk gale? Sesongen var litt skuffande ut frå målsetninga. Kva som gjekk gale er vel at vi fekk ein del skader og stort fråfall i haustsesongen. Enkelte spelarar slutta heilt å trene og det merkast godt. Det som var bra var at enkelte av jentene blomstra veldig fordi dei jobba godt med seg sjølv og hadde viljen. Det gleder meg veldig å sjå at jenter vil opp og fram. Og eg trur nok at om alle jentene hadde prestert opp mot maksimalt og vore litt meir stabile så er det ingen lag i serien som hadde klart å stå imot. Vi hadde ein veldig god stall i utgangspunktet. Det er synd at det ikkje gjekk som vi hadde håpa. Spm3. Kva er ditt beste og verste minne med HIL- fotballen? Beste og verste minnet er vanskeleg å svare på... Eg har veldig mange gode minner og få dårlige minner. Det verste er vel raserianfallet til ein trenar vi hadde i tenåra. Vi hadde spela ein bra kamp og tapte vel med eitt mål mot serieledaren. Vi var andrelaget til Honndalen og låg vel nesten nederst på tabellen. Det heile endte vel opp med ei øydelagd dør inn til garderobane...hehe... Ellers syns eg det er litt dårlig av klubben å ikkje støtte dei som er talent. Håpar dei som kjem etter meg får betre oppfølging enn det eg gjorde. Der har klubben mykje å jobbe med. Ellers har eg mange gode minner heit frå miniputt og opp til i dag. Stimulansepokalen var stort. Norway cup og Sandefjord cup (med 1. og 2. plass) var også kjekt. Dessuten var hat-tricken mot Stryn i fjor veldi kjekt! I tillegg fekk eg sjansen til å reiser på mange talentsamlingar då eg var yngre. Håpar klubben klarar å få fram fleire spelarar for desse samlingane har vore kjempekjekke!!!! Spm4: Korleis er det å trene med Sandviken i forhold til HIL? Er det mykje tøffare? Sandviken er eit mykje meir teknisk lag. Det er betre samspel og ein kan bruke litt meir musklar uten at det blir surmuling. Det har eg savna veldig! Så er det kjekt å spele på eit lag der det blir sila ut spelarar som eigentleg ikkje er intressert i å bli betre. Du må heile tida prestere for å vere i stallen. Neste år blir det mykje tøffare, men eg gledar meg veldig til å få overgangen i orden. Dessuten bjynder oppkjøringa for fullt i desember, så ein kjem i allefall i form for sesongstart! Spm5: Er målet ditt kontrakt med Sandviken eller blir du å sjå i HIL- drakt neste år og? Neste sesong blir nok i Sandviken. Om det blir satsing mot elitelaget er usikkert enda. Må sjå kor det går med skulen og kor mykje tid det tar. Det er jo snakk om minst ei trening kvar einaste dag. Å vi har lange skuledagar så det er ikkje sikkert det lar seg gjere. Vi spelar mot elitelaget ein dag i veka og det er veldig kjekt. Og vi får i allefall sjansen til å vise oss fram. Dessuten er eg avhengig av å unngå skader dersom eg skal trene mg opp til det nivået, så mykje kan skje... Spm6: Kva tykkje du om herrelaget sin innsats i årets 4 div? Flott at dei fortsatt er i 4. div!! Fekk desverre berre sett 1 omgang i år, men syns det er bra at det er mange unge, gode spelarar. Det trenge