Harald Lødemel og Raufoss tilbake i 1 divisjon.

Harald Lødemel bidrog i dag sterkt til at Raufoss rykte opp frå 2 divisjon. Harald scora 1 mål då Raufoss vann 4-1 borte mot Harstad. Raufoss har vore i toppen i avd 4 gjennom heile sesongen, men opprykket vart ikkje sikra før i siste serierunde. Så etter nokre sesongar i 2 divisjon er Harald&co tilbake i 1 divisjon, HIL-fotball gratulera;)