Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Neste mann ut er Sindre Fannemel. Han har mesteparten av sesongen i år vore udisponibel for HIL pga militærtjeneste, men han var bla. med på bortekampen mot Florø som vi vann 3-2.
Elles kan det vel nemast at Sindre er en del av den gode 86-årgongen som har vore viktig for at HIL-fotballen er tilbake i 4 divisjon.Sindre har sendt oss nokre bilde slik at vi får innblikk i det militære livet han for tida heve.
Her kan de lese kva Sindre seie til godt.
Spm1: Kvar er du i militæret, kor lenge har du vore der,og ko tid er du ferdig?
Trivest du?
Er for tida i militære i GSV der eg har vore i snart 300
daga. Ska dimme den 2 januar
Spm2: Kva er den største tabben/flausa du har gjort so långt i militæret?
Off.. det må vere då eg datt ned en bakke med full storsekk gru og
våpen. Knuste ansikte i botnen av bakken og etterlot blodspor heile vegen
tilbake til telte og vi skulle vere skjult.
Spm3: Kva har du tenkt å bli når du blir "stor"?;)
Det lure eg jaggu mykje på sjøl og
Spm4: Kva tykkje du om årets fotballsesong? Ha du fått med deg noko om kampane opp i nord?
Har fått med meg lite av sesongen iår. Er ganske so isolert oppi nord,
har berre tilgang til telefon på søndaga så det blir lite nytt anna enn det
eg får vete med dama
Spm5: Kva er ditt beste minne frå tida på A-laget til no?
Det e so månge fine minne at å finne det beste ve ta altfor lång tid=)
Spm6: Ditt verste minne?
Mine verste minne fortrenge eg djupt og gale og gleime dei heldigvis
fort!
Spm7:På en skala frå 5-15(15 e størst sakn), kor mykje sakna du oss i HIL-fotball?
det blir ivertfall 14 :p Sakna turane og samholde i laget! det e noke
heilt spesielt
Spm8: Korleis er planane dine for fotball framover? Får vi sjå deg i HIL-drakt neste sesong?
Om eg e god nok for laget so blir eg garantert å sjå i
Honndalsdrakta!!
Spm9: Din beste kamp?
vanskeli å sei egentli.. har frykteli dårli husk på sånt :p
Spm10: Kva meina du?
TV2 eller NRK? TV2
Øl eller vin? ØL!
Stryn eller Honndalen? Honndalen selvfølgelig, stryn brenne
Fotball eller fjøs? Fotball
Fele eller korps? Korps
Heime eller ut på livet? Ut på livet
Bakkjen eller Davy Wathne? hehe =) vanskeli..... men må vel bli bakkjen |
|
|