Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Per Otto Lien er ein av fleire HIL- spelarar som i løpet av sesongen 2006 har i kledd seg “kongensklede”
Per Otto han er 21 år og er oppvaksen opp i lida. Som dessutan ligg i den finaste og beste delen av Honndalen.
Vi i redaksjonen har hatt oss en prat med han for å høyre korleis han likar seg der og so har vi spurt han om litt andre ting..
Spm1: Kvar er du i militæret og kor lenge har du vore der?
Eg har vore i militæret frå 9. August. Eg fekk no heldigvis me meg dei tradisjonelle kulturdagane i Honndalen før eg reiste;-) Først var eg på Elverum der rekruttskulen var, og for litt sia har eg fløtta til Oslo der eg skal bo resten av tjeneste.
Spm2: Trivest du?
Både og. Det har vore daga der eg ha hata alt, og det har vore daga der eg har hata berre litt. Men det er heilt greit i grunn.
Spm3: Kva er den største tabben/flausa du har gjort so långt i militæret?
Eg er jo en ganske so kjekke å greie gut, med etterkvart mykje livserfaring, so eg har ikke drete meg heilt ut (enda). Men det var ein morning etter vasken vi skulle stille opp, men eg måtte so veldig på do (bommelomm), so eg satte meg no ned på skåla. Det var ikke lenge ette so sto befalet uti gongen å ropte å skreik på meg, men eg måtte no gjere meg ferdi me arbeidet. So der sto no befalet og venta til eg blei ferdi. Å drite i en stressa situasjon er ikke noko særlig arti…
Spm4: Kva tykkje du om årets fotballsesong?
Eg syns honndalen har hatt enormt mykje uflaks i årets sesong. Og det hadde no vore veldig dommt viss dette skulle gjere at vi rykkte ned en divisjon. Men heldigvis klare dokke (uten meg utrulig nok) å hindre dette med å slå årdal! Dette va jammen ei imponerande innhenting! Eg trudde ikke mine egne øyrer då eg harde resultatet! Ellers syns eg at det har vore dårlig me publikum på bumpy road i år. Dette bør befolkninga og befolkninga gjere noko med til neste år!! Det er jo kjekt å sjå på honndalen sjølv om ikke nivåe alltid er like høgt….. Eg va no so heldig å få være me på bussturen til Jølster, og det va no jammen kjekt! Det er blant anna sleke ting so gjer det kjekt å spele fotball på honndalen!
Spm5: Kva er ditt beste minne frå tida på A-laget til no?
Mitt beste minne, eller beste minne er at vi har klart å rykke opp to divisjona. Da eg begynte låg vi på botnen av sjette divisjon, og viss det hadde vore muli hadde eg nok blitt med honndalen ned både en og to divisjoner til, men etter kvart blei det berre beire og beire! Ellers har eg mange gode minne i lag me honndalen. Dei so mange borteturane er jo alltid like artige!
Spm6: Ditt verste minne?
Første kampen eg spelte for a-laje, vi tapte 9 - 2 mot eid to på Stårheim grusstadion.. Eg trur eg va borti ballen minst tre gonga;-)
Spm7: Kvifor er du heime kvar helg frå militæret?
Fordi eg lika meg so godt i honndalen ;-)
Spm8: Du har no ofte vore sjåfør til en fast gjeng heim frå bortekampane ( Solum, Oppheim, Kristensen og Haugen) Kva har det betydd for deg? Har det gjeve deg meir sjølvtillit? Nokre artige episodar frå desse heimturane?
Eg har hatt mange kjekke biltura med Edvin, Jan Rune, Anders Elling og Solum, der eg har blitt beordra bak rattet. Sjølv om musikken på cd-spelaren hass Edvin blei høgare og høgare til lenger mot midnatt det gjekk, klarte gutta å holde humøret mitt på toppJ Og det er jo bra gjort… Det finst mange artige episode frå disse turane, men den gongen Edvin tok fram kornetten frå bagasjerommet i pissepausa på utvikefjellje er nok det eg huska best. Då sto Edvin for spelinga, mens Jan Rune, Anders Elling og Solum song for fulle hals. Det ryktas om at dei haure det heilt til Innvik…. Eg holdt på å le meg skakk der eg sat, hehe;-)
Spm9: Kva framtidsplana har du? Skal du satse fullt for HIL i år
|
|
|