Tett på Harald Lødemel

Harald Lødemel&Raufoss er som kjent tilbake i Adeccoligaen. Vi i HIL-Fotball har tatt oss ein prat med han om årets sesong og om karriera til Lødemelen so långt. Spm1: Gratulere med opprykket. Godt å nå målsettinga? Ja,det var utruleg moro! Vi har leia serien i heile år men det har vore jevnt heile vegen. Etter nedrykket for to år sidan brukte vi ein sesong meir enn vi hadde håpa på å kome tibake til Adeccoligaen. Men no er det berre glede på Toten! Spm2: Har jubelrusen lagt seg på Raufoss? Korleis var feringa? Vi spelte siste kampen borte mot Harstad(seier 4-1)og pga. dårlege flytilbud i nord måtte vi overnatte der etter kampen. Det vart ei lang og fuktig natt..Ved ankomst Raufoss dagen etter var det mottakelse på torget med rundt 500 glade totningar, ei artig oppleving. Og ja både den verste jubelen og rusen har lagt seg no... Spm3: Korleis har sesongen vore for deg? ( Kor månge kampar, mål, skader, kort osv) Eg har hatt ein litt vanskeleg sesong. Eg har vore ute med ei kneskade sidan i september 2005 og fram til juli i år. Trente berre alternativt i heile vinter og har sykla nok for ei stund no..Men på slutten av sesongen har eg fått trent og spelt kampar utan smerter og har spelt dei siste 6-7 kampane og fått laga fire mål. Så no håpar eg berre at beina skal halde fram mot ein ny sesong. Spm4: Fortel litt om deg sjølv (familie,fotballkarriera, osv)? Eg er sambuar med ei jente frå Sogn, og vi har ein liten sneip som heiter Mathias på 19 mnd. Eg er heiltidsspelar på Raufoss, men eg prøvar å gjere meg ferdig med ei utdanning inn mot læraryrket iløpet av det neste året. Skader og motivasjon vil nok avgjere kor lenge eg vil fortsette med fotballen, men det har jo etterkvart blitt ein livsstil dette her så det vil nok ikkje bli så lett å gje seg.. Spm5: Vert det 1 divisjon med Raufoss for din del neste år? Kor lang kontakt har du? Fortel litt om ambisjonane for neste år? Elle er det for tidleg å seie nåke om? Ja det blir det. Eg har kontrakt ut neste år. For to år sidan rykka vi ned frå 1.div og då hadde vi som målsetting å rykke opp til eliteserien...som nyopprykka lag så vil det vel vere naturlig å ha som mål å stabilisere seg i divisjonen. Alt anna får vi ta som ein bonus. Spm6: Kva er din største opptur og nedtur på bana? Den artigaste opplevinga på fotballbana hadde eg ved å rykke opp med Start til tippeligaen i 1999. Vi spelte kvalik mot Godset og vart totalt rundspelt. Men ved eit under, og då meinar eg eit virkeleg under, klarte vi å beine ein ball i mål tre minutt på overtid og vannt 1-0. Det einaste skotet vi hadde mot mål iløpet av kampen! Av nedturar så har eg vore med på nokre nedrykk iløpet av åra som absolutt ikkje har vore positive opplevingar. Hadde og nokre nedturar som spelande trenar for småguttelaget til Honndalen midt på åttitalet! Vi hadde store disiplinære problem med Morten Taraldset som ikkje kunne delta på trening og kampar fordi han skulle inn på seljeset og spele vriåttar med Jan kåre!! Fakta!!! Spm7: Kan du setje opp eit "Harald Lødemel allstar team"? ( Etter ditt syn dei 11 beste du har spelt på lag med i karriera + en benk med 5 mann) Du er sjølvsagt en del av laget;) Vanskeleg, men skal prøve. 1. Espen Johnsen-var vanvittig god då han var i Start 2. Jarl andre Storbæk- Raufoss. No VIF. Maratonløpar. 3. Inge andre Olsen- Start. Villmann. 4. Edier Freyd- Raufoss. Er i allsvenskan med GAIS no. Kjapp og sterk. 5. Helge Bjønsås- Start. Har landskampar, hadde fortjent fleire.Tøff. 6. Stian Ohr- Fantastisk innleggsfot 7. Rhonny Nilsson- Svenske som var i Sogndal. God pasningsfot. 8. Haraldur Ingolfson-Raufoss.Islending med mange landskampar.Treig men god 9. Marino Rahmberg- Raufoss. Svenske. Kom frå