Randi Muldsvor snart klar for Sandviken

Randi Muldsvor er så godt som klar for overgong frå HIL til Bergens og Toppserieklubben Sandviken. Det er kun overgongspapira som gjenstår og det er no ganske vesentleg i ei overgongsak. Randi seier at ho håpar å få med seg innandørs KM i Florø neste helg som ei avsluttning på HIL-karriera i denne omgong. HIL-fotball takkar Randi for flott innsats for Honndalsfotballen i gjennom månge år og ynskjer ho lykke til vidare. STÅ PÅ RANDI!!:) Her kan det lese eit intervju med ho på NRK Sogn og Fjordane. MEN, som sagt ho er ikkje speleberettiga for Sandviken før papirarbeidet er gjort unda. Henta frå NRK Sogn og Fjordane Går frå 3. divisjon til toppserienFotballspelaren Randi Muldsvor frå Hornindal er klar for spel i toppserieklubben Sandviken. 25-åringen som har spelt alt frå målvakt til spiss i 3. divisjon er budd på spel med andrelaget til toppserieklubben. Håpar på prøvespel Men ho håpar likevel å få sjansen på elitelaget. - Eg er jo litt eldre enn dei som byrjar å satse, så det er kanskje ikkje så lett å kome med på førstelaget. Men eg håpar å verte så god at eg i alle fall kan få prøvespele. Meir alvor på treningane Randi Muldsvor studerer i Bergen og melde nyleg overgang frå Hornindal til Sandviken. Nordfjordjenta som har spelt fotball både for Eid, Stryn og Hornindal har fått merke at ho no trenar med ambisiøse medspelarar på høgare nivå.. - Det er meir tempo- og teknikktrening. Du merkar og at folk er meir villige til å spele fotball. Du er ikkje på trening berre for å ha det sosialt. Du vil oppnå noko. Andrelaget til Sanddviken er eit talentlag. - Like gode tekniske Laget møter toppserielaget til kamp minst ein gang i veka og der får talenta på rekruttlaget vist seg fram - Vi har slått dei enkelte gonger. Dei er kjapparr og sterkare. Men det er mange på laget vårt som er like gode tekniske. Spelar og volleyball I tillegg til fotball spelar Randi Muldsvor også volleyball med BSI i 2. divisjon. - Kombinasjonen fotball, volleyball går bra, meiner 25-åringen Muldsvor har ambisjonar både på volleyballparketten og fotballbana. Dei neste åra vil ho likevel satse på fotballen om ho held seg skadefri. - Eg har veldig lyst å kome med på elitelaget.