Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
ÅRSMELDING
Hornindal IL Fotball
2006
Årsmøte på
Raftevolds Hotell
Tysdag 28. november kl. 20.00
Saker:
1. Årsmelding
2. Ny organisasjonsmodell i fotballgruppa
3. Rekneskap
4. Val, presentasjon av nytt styre
5. Diverse
ÅRSMELDING FOTBALLGRUPPA 2006.
Leiar Steinar Bakka ( ikkje på val )
Kasserar Knut Ove Grodås ( på val )
Anlegg Oddvar Espe ( ikkje på val )
Aldersbestemtansvarleg Wenche Fannemel ( ikkje på val )
Kristin Rygg ( på val )
Kjære fotballvener!
Sesongen 2006 er no over og vi kan sjå tilbake på ein flott sesong for HIL fotball med gode sportslege prestasjonar både i aldersbestemt og senior. Fotballgruppa er den klart største organisasjonen i Hornindal og aktiviserar nærare 200 små og store fotballspelarar, og med det viser sin styrke innanfor organisert idrett i bygda.
Men å vere største gruppe i bygda med stor aktivitet er ikkje einsbetydane med at alt er rosenraudt. Vi manglar eldskjeler rundt gruppa, alt for mykje arbeid fell på få personar. Det er vanskeleg å få på plass trenarkabalen, oppmenn, dugnadsintsats med meir. Dette må ein få gjort noko med til 2007 sesongen, det går rett og slett ikkje lenger med den arbeidsbyrda som enkelte har i fotballgruppa. Utbrende eldskjeler vil være ei katastrofe for fotballgruppa og det må gjerast noko med. Årets valnemnd har tatt tak i dette problemet og i samarbeid har vi fått på plass eit slagkraftig fotballstyre til sesongen 2007. Dette er fantastisk positivt og avgjerande for fotballgruppa i framtida. Ny organisasjonsmodell er og på trappene men dette må ein kome tilbake til når det nye styret har konstituert seg.
Vil samtidig nytte høvet til å uttrykke frustrasjon rundt rammevilkåra til fotballgruppa. Vi har arbeida i lang tid med eit treningsfelt til fotballgruppa for haust, vinter og vår trening. Alt tidleg på 80talet var gruppa i gang med planar rundt dette avgjerande prosjektet. Vi skriv no slutten av 2006 og vi er ikkje komne av flekken, frustrasjonen vår er stor på dette feltet. Kva vil Hornindal Kommune gjere for å hjelpe oss?, ikkje så mykje kan det verke som! Det at vi slit ræva av oss og aktiviserar dei fleste av borna i kommunen er tydelegvis ikkje nok til å få gjennomslag for viktigheita til dette prosjektet. Treningsmoglegheiter vinterstid vil vere avgjerande for aktivitetsnivået og tilbodet som vi kan gje dei unge i åra som kjem. Dette må snart politikarar og kommune- administrasjon ta på alvor. GI OSS EIT STYKKE JORD SLIK AT VI KAN FÅ DETTE 60X40 FELTET PÅ PLASS! Bli våre medspelarar, saman kan det ikkje vere vanskeleg å få dette på plass.
Økonomien i gruppa er også eit kapitel, vi slit heile tida med knappe resursar. Viser til meir utfyllande detaljer frå økonomiansvarleg seinare i årsmeldinga.
Sportsleg sett har det vore ein sesong på det jamne, seniorlaga frå det fantastiske til det horrible. Herrelaget enda på sjuande plass i sin fyrste sesong tilbake i fjerde divisjon. Varierande prestasjonar heile sesongen, frå å slå topplaget på bortebane til å tape for botnelaget heime. Alt i alt viste laget at dei har noko i fjerde å gjere og allereie 2007 sesongen vil vise at dei har tatt nye steg. Damelaget kan vel og seiast å ha vore gjennom ein varierande sesong, der og med sigrar mot antatt betre motstandarar til tap mot antatt svakare motstandarar. Alt i alt ein grei sesong for damene der dei enda midt på tabellen i tredje divisjon. Mange unge spelarar på begge seniorlaga gjer framtida lys ( dersom vi får moglegheit til å trene på vinterstid!! )
Aldersbestemt som før, stor aktivitet frå knøtt til gutelag, stor entusiasme og mange glade små og mellomstore fotballspelarar. Viser elles til utfyllande informasjon om laga seinare i årsmeldinga.
|
|
|