Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Vi tar turen vidare i intervjurunden og denne gongen er det Årets spelar Jan Rune Oppheim som er klar til å svare på litt spørsmål.
Kan nemne at Jan Rune har spelt på HIL heile si karriere, og han har vore med på det meste i HIL-fotballen.
Han har vore med på både oppturar og nedturar, han har reist på bortekamp med 8 mann og “berre” tapt 3-0.
Han har spelt i lag med spelarar som Hudden (Robin Grodås), Aien (Magne Øen), Krokarane (Atle, Knut Jarle, Even), Bjønnjen (Einar Bjørn), Lisjeliden (Sveinung), Ståle Hatlelid, Oddvar i Espa….
Spm1: Kor gammal var du når du debuterte på HIL?
Åj..hmmm..ja sei det. Ha vel spelt fotball sia eg va miniputt, eller ka det hette den gong, men på A-laget var vel i 16-17 års alderen. Trur eg sat på benken på nåken A-lags kampa siste året eg var guttespelar.
Spm2: Kven er den beste spelaren du har spelt på lag med i løpet av desse åra?
Det va et fryktelig vanskelig spørsmål… Der e veldi månge kandidata, eg trukje eg klare å plukke ut en enkelt.
Spm3: Kva sesong har hatt er det beste HIL-laget som du har spelt på?
Der trur eg faktisk eg helde en knapp på 2005 sesongen. Vi hadde noken bra lag fyste sesonane eg va med og, då vi låg i 4. Dei va jo fremdeles med dei fleste av gamlegutta og då, men eg tru likevel at laget i fjor og i år er beire.
Spm4: Kva er det beste minne, og det verste minne ditt frå tida på a-laget?
Det verste må vel nesten vere det året Bakkjen suttra seg te å få tittelen som årets storetå. Det var en gedigen skandale, tittelen har møst litt av glansen ette det….
Assa…det kankje vere sånn at en får en sånn tittel berre det en får ei lita stripe i neglelakkjen…
(Jan Rune klistra tåna te Bakkjen i ei bildør heimjen frå bortekamp seint ei natt)
Spm5: Fortel litt om kampen der HIL kun greidde å stille 8-mann?
Kvifor måtte ”en av HIL-spelarane” av bana for å ete sjokolade midt under kampen?
Au då….Tja..Du måtte kåme in på ditta der altså..
Jau, det hadde seg sånn. Vi hadde ikkje gredt å stilt lag te den forrige kampen, og fekk dermed ei saftige bot. Derfor hadde vi ikkje råda te å gjere det same en gong te, og som kjent so må en vere minst 8 mann for å få starte en kamp. So vi sto ned på Hydro å venta, og rengde ront på bygda ette folk. So då vi endelig kunne telle over mannskapet å konstatere at vi va 8 mann, so va vi egentli ganske fornøgde.
Kampen gjekk faktisk veldig bra, vi tapte berre 3-0, nåke som trulig var ett av dei minste tapa den sesongen. Men det fatale skjedde då ”en HIL-spelar” gikk på en løpeball ifrå sin djupe midtstoppar posisjon og heilt til dørlinja. Då den famøse springeturen skulle krunast med innlegg, var han sjølvsagt så pompa at han bomma på ballen og gjekk på tryne…..og der blei han igrunn liggande. På dinna tid brukte han ikkje so mykje sannasol som i dag, men kompenserte vel gjerne for det med forskjellig anna ”styrkedrykk”. Dette fatta trulig dommaren mistanke om då han omsider stoppa spelet og kom joggande bort.
DOMMAR: ”Går det bra?”
BLEIK HIL SPELAR: ”Off, eg trur eg stryke med”
DOMMAR: ”Kor det e….ha du fått i deg nåke mat i dag då?
BLEIK HIL SPELAR: ”Nei….det har vel vorte litt lite kanskje..”
DOMMAR: ”Du får gå bort i kiosken å få deg etkvart å ete då..”
So ette litt hjelp for å kome på beina, kunne et måpande publikum følge spelaren på 8-mannslaget til Honndalen jogge bort i kiosken å kjøpe seg sjokkolade.
Etter et par bet, og med en halve sjokolade i handa, jogga han tilbake på bana til stor jubel frå publikum. Et trøstens klapp på skuldra vanka frå både med- og mot-spelarar før kampen igjen var i gang.
Eg trur nukk ditta e en av dei kampane eg aldrig kjeme te å gleime. God sportsånd kan nukk vere so mångt, men den atmosferen og ste
|
|
|