Endring av divisjonssystemet frå sesongen 2008

Sesongen 2007 vert som kjent ein tøff batalje, men no er det og bestemt at 4 divisjon skal utvidast til 12 lag frå sesongen 2008. Dvs 2 lag meir enn i sesongen 2007. Under her kan de lese kva kretsen har å berette so långt: Henta frå SFFK.NO Ny serieordning vedteke 7.12.2006 På ekstraordinært kretsting i Førde i går onsdag 6.12, vart det vedteke av delegatane å endre dagens serieordning med virkning frå sesongen 2008. Endringa går ut på at det skal vere 12 lag i 4. divisjon, 2 avdelingar á 8 lag i 5. divisjon, og 3 avdelingar i 6. divisjon. 3. divisjon vert ikkje endra. Endringane vart fremma med tanke på å betra kamptilbodet i 4. divisjon ,slik at dei laga som rykker opp lettare kan tilvenda seg strukturen og nivået i 3. divisjon. For 5. divisjon er endringa først og fremst med tanke på at det skal bli kortare reiser for laga. Det er slik at mens ein i 6. divisjon spelar mot lokale lag, med korte turar til bortekamp, vil det å rykka opp til 5. divisjon, med dagens ordning, innebera lange turar, noko som dei fleste laga som rykker opp ikkje ønskjer. Når det gjeld opp/-nedrykk i samband med overgangssesongen 2007/2008, så kjem SFFK attende med korleis det skal skje.