Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Henta frå SFFK.NO
Idemøte damefotball
1.12.2006
SFFK arrangerar eit idemøte for dei klubbane som er opptekne av damefotballen i Sogn og Fjordane.
Møte vert helde på Skei, onsdag 13.12, kl. 18:30.
Grunnlag for møte er den til dels uhåndterlige sesongen i 3. - og 4. divisjon damer 2006, med svært mange forfall og kampar som ikkje vart spelt i henhold til terminoppsettet, og med mangelfull informasjon. Det medførte bl.a. at dommarar møtte til kampar som var flytta.
Hensikten for eit slik møte, som vi håpar og trur alle klubbane som stiller/har stilt med lag i dameseriane møter på, er å saman bli einige om ein plan der vi slepp å oppleva sesongen 2006 på nytt.
Dette kan ein og sette i samanheng med sviktande interesse frå media og publikum.
Til no har 7 klubbar gjeve signal om at dei ønskjer å delta for å utvikla ein plan for betring av gjennomføring av damefotballen i fylket. Bli med du også, dersom du ønskjer å vere med å ta eit tak for å løfte damefotballen i Sogn og Fjordane.
Sveinung Gausemel informerar at HIL vertfall stille med to representantar på denne samlinga, men han vil prøve å stille med enda fleire.
Han ser på dette som eit bra og viktig tiltak av kretsen. For i årets 3 divisjon for damer var det utrulig mykje styr med flytting av kampar osv...
|
|
|