Advents quiz

Eg har vore i kontakt med Steinar Bakka og han har gjett tilsagn på litt premiar viss eg lagar ein liten quiz. Premiane er mest truleg nokon fine GC-effekter. Ikkje godt å vete kva den karen fixar;) Å lage quiz ekje enkelt, men etter å vore fast deltakar på pubquizen på Loftet pub&bistro med quiz-general Rolf Kobberstad så har eg fått eit innblikk i kva det vil seie. Vi satsar på å køyre denne quizen over 3 rundar. Julafta kl.12 vert innleveringsfristen for runde 3. Så vert det då kåra en samanlagtmeister. Han får sjølsagt den beste premien, men det vert også premie til runde vinnarane og. Spørsmåla blir i hovudsak om fotball, men og om litt andre ting. Om det er fleire som har lik poengsum så er det den med fyrst innsendt svar som er vinnaren. Viss det er likt etter 3 rundar vert det loddtrekning. Svara dei sende du på mail til meg på edghau@online.no Spm1: Kor månge obligatoriske kampar spelte Frode Grodås for Lillestrøm? Spm2: Kor tid vann Frode Grodås FA-cupen med Chelsea? (Finale dato og år) Spm3: Kvifor feira vi jul? Spm4: Kva år debuterte Harald Lødemel for Sogndal? Spm5: Kva draktnummer har Edvin Haugen HIL-drakta? Spm6: Kor månge stemmer fekk HIL i kåringa av "klubben i mitt hjerte"? på dagbladet.no i 2006? Spm7: Kor månge landskampar og mål har Renate Taraldset for Norge? Spm8: Kor tunge er Jan Rune Oppheim, Håvard Sollid og Edvin Haugen til saman? (+/- 5kg) Siste spørsmålet vert belønna med 3 poeng for dei som treff med en feilmargin på (+/-1kg)på totalvekta. Innleveringsfrist for fyrste runde er fredag 15.12.06 klokka 20.00. Runde 2 vert lagt ut en gong på fredagskvelden. Lykke til...