Advents quiz del 2

Då var fristen for fyrste quiz del ute. Så då er det påtide med ein ny runde. Det var ikkje noko imponerande tal på deltakarar i runde en, men vi satsar på at det vil ta seg opp. Vinnaren av del 1 kjem seinare. Spm1: Kor månge a-landskampar spelte Frode Grodås? Spm2: Kva år debuterte Frode for Sogndal? Spm3: Kva er pickless? Spm4: For kva klubb spelar Randi Muldsvor neste sesong? Spm5: Kor månge gule kort fekk Håvard Sollid i årets sesong? Spm6: For kva klubb spelte Nina kristin Flo for i toppserien for kvinner? Spm7: Har Jølster spelt i 3 divisjon? Spm8: Kva sesong var Stryn på nippet til å rykke opp frå 2 divisjon til 1 divisjon? Svara sendast fortsatt til edghau@online.no Frist for innlevering er onsdag 20.12.06 kl.20.00. NB! ynskjer du å konkurrere om samanlagt-tittelen så kan du framleis svare på del 1 av quizen.