Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då har kretsen bestemt korleis opprykk og nedrykk i dei forskjellige divisjonane vert komande sesong.
Som de vil sjå vert det ingen lag som rykke direkte ned frå 4 divisjon, men det laget som kjem sist skal spele kvalikk kamp mot det laget som vert nr.4 i 5 divisjon.
Her kan de lese infoskrivet frå kretsen (SFFK.NO)
Overgangssesongen 2007-2008, herrefotball SFFK.
Styret i SFFK har bestemt at følgande modell vert nytta for opp- og nedrykk frå sesongen 2007 til 2008:
Dersom vinnar i 3. divisjon rykker opp i 2. divisjon etter sesongen 2007.
3. divisjon.
· 1 lag rykker opp.
· 1 lag rykker ned.
4. divisjon.
2 lag rykker opp.
·Lag nr. 10 spelar kvalik mot lag nr. 4 i 5.divisjon. Kvalik - best av 2 kampar. Vinnar spelar i 4. divisjon, tapar i 5. divisjon.
5. divisjon.
3 lag rykker opp. Lag nr 4 spelar kvalik mot lag nr. 10 i 4. divisjon.
Lag nr 10 spelar kvalik mot det nest beste 3’ar laget frå dei 4 avdelingane i 6. divisjon. Kvalik - best av 2 kampar. Vinnar spelar i 5. divisjon, tapar i 6. divisjon.
6. divisjon.
Dei 2 beste frå kvar av dei 4 avdelingane, samt det beste 3’ar laget, rykker opp i 5. divisjon. Det nest beste 3’ar laget spelar kvalik mot lag nr. 10 i 5. divisjon. Kvalik - best av 2 kampar. Vinnar spelar i 5. divisjon, tapar spelar i 6. divisjon.
Dersom vinnar i 3. divisjon ikkje rykker opp i 2. divisjon etter sesongen 2007.
3. divisjon.
·2 lag rykker ned.
4. divisjon.
· 2 lag rykker opp.
·Lag nr. 10 spelar kvalik mot lag nr. 3 i 5.divisjon. Kvalik - best av 2 kampar. Vinnar spelar i 4. divisjon, tapar i 5. divisjon.
5. divisjon.
2 lag rykker opp. Lag nr. 3 spelar kvalik mot lag nr. 10 i 4. divisjon.
1 lag spelar kvalik mot det beste 3’ar laget frå dei 4 avdelingane i 6. divisjon. Kvalik - best av 2 kampar. Vinnar spelar i 5. divisjon, tapar i 6. divisjon.
6. divisjon.
Dei 2 beste frå dei 4. avdelingane rykker opp i 5. divisjon. Det beste 3’ar laget spelar kvalik mot lag nr. 10 i 5. divisjon. Kvalik - best av 2 kampar. Vinnar spelar i 5. divisjon, tapar spelar i 6. divisjon.
Får begge alternativa gjeld følgande i 6. divisjon:
Dersom dei 4 avdelingane i sesongen 2007 har ulikt antall lag, vert det beste- og eventuelt det nest beste 3’ar laget, kåra utfrå at kampane mot det dårlegaste laget vert stroke.
|
|
|