Info frå idemøte for damefotballen i SFFK

I går kveld var det idemøte for damefotballen i fylket. Som det kan lese i referatet greidde dessverre HIL ikkje å stille med representant på møte og det er beklageleg, men uansett så vil nok dette hjelpe damefotballen i HIL og resten av fylket i tida framover. Henta frå SFFK.no Idemøte damefotball 13.12.2006 Idemøte for damefotballen på Skei onsdag 13.12 , vart halde med 11 klubbar til stades. Det er flott at klubbane viser at dei ønskjer å gjere noko med å heva damefotballen i fylket. Klubbane til stades var; Kaupanger, Sandane, Førde, Balestrand, Sogndal, Florø, Bremanger, Breimsbygda, Jølster, Høyang og Eid. Tema som vart drøfta var korleis klubbane kan gjere det mogleg for damefotballen å utvikla seg. Når det gjeld den uhåndterlege gjennomføringa av damerseriane i 2006, så er det truleg ein hovudgrunn til det. Det har seg nemleg slik at damespelararne gjer berre det dei er "opplært" til å gjere. Heilt frå jentene vert rekruttert inn i fotballen som 6-7-åringar har dei blitt møtt med eit mindreverdig tilbod i høve gutane, blant anna i høve treningsmengde, kvalitet på treningane og på trenarane. Slike kriteria er forbeholdt gutane. I den trua vert jentene med vidare, heilt opp til og med damenivå - med dei haldningane om at dei faktisk ikkje er viktig. Det må skje ein bevistgjering alt frå minijentenivå, der det vert tydeleg gjeve signal om at jentene er viktige. Det må frå og med minijentenivå bli gjeve retningslinjer på treningsmengde, kvalitet, lojalitet og trivsel. Krava må skjerpast på ungane sine premisser - og ungane ønskjer krav, dei ønkjer å mestre - og måten å få ungane til å mestre er å trena, trena betre enn i dag. Tilhøva for slik aktivitet må tilretteleggast. Bremanger IL er eit godt døme her. Dei bevisstgjorde for 1990-årgangen, når desse jenten var på minijentealder, det med rett trening, gode trenarar og gode økter. I dag er dei i ein klasse for seg sjølv i Sogn og Fjordane - med både god breidde og landslagsaktuelle spelarar. Det har ikkje vore fråfall av jenter desse åra. Jenten vil og jentene kan - så lenge det vert presentert at dei betyr noko, at det vert sett krav som ikkje er der i dag, og at det skjer når jentene kjem inn i fotballen. Det vert sett fokus på at det er ildsjeler, engasjerte personar - gjerne damene sjølve, som må vise dei som styrer i klubbane kva som skal til for å gjere tilhøva betre. Det er ikkje alltid slik at dei som styrer klubbane ser kva som er behovet for å heve damefotballen. Her er det dei som er trenarar, lagleiarar, foreldre og personar med engasjement som skal tydelegjere for leiinga i klubbane kva som skal til. Damene må på bana! Det vart vidare sett fokus på kva som skal til for å heva arrangementa. Gjer det dei gjer på arrangementa til 3. divisjon herrar - speakerteneste, kiosk, kampprogram, annonsering, flagget skal opp på kampdagen! Ta kontakt med motstandardlag 3 dagar før kamp, informere og ønskje dei velkomne. Viktig for publikum og media at dei veit at det er kampdag fredag. Då kjem det fleire folk, og media har lettare for å følgje med. Ønskje om terminlistemøte for 3. divisjon damer, slik det er for 3. og 4. divisjon herrar, er behov som vil vere med å forenkla sesongen. Terminlistemøte vert gjennomført så lenge alle klubbane som melder på med lag i 3. divisjon damer møter opp. På den måten kan klubbane gå igjennom runde for runde, med dei endringane dei eventuelt måtte ønskje. Kampstart bør vere 22. april, og første runde bør gå på heimebana til dei laga som har kunstgras. Det kan og bør utvidast slik at serien ikkje sluttar midt i september. Dette er eit utdrag av kva som vart diskutert på Skei 13.12. Vi er sikre på at det var eit steg i rett retning m