Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I går var det terminlistemøte på Skei i Jølster. Underteikna og den påståelige Steinar Bakka representerte HIL på møtet som kretsen arrangerte.
Dette var eit særdeles bra møte og utruli nyttig med tanke på å få sesonggjennomføringa mest mogleg smertfri for klubbane. Dette gjekk rask og effektivt så her skal kretsen med Yngve Håkonsen og Torstein Kvam i spissen ha skryt!!!
Terminlista vert endeleg spikra rundt 25. januar, men det som er klart at HIL startar sesongen med bortekamp mot Vik søndag 22.04. Deretter vert det borte mot Jølster 29.04.
Kampen mot Vik skulle eigentleg vere spelt den helga det er Grodås Cup(24.06), men med velvilje frå kretsen og Vik så vart den framskunda.
Vi legg kjem til å legge ut HIL sine kampar når en får tid til å reinskrive kampoppsettet.
For eit evt damelag er det terminlistemøte 31.januar.
|
|
|