Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då har vi bevega oss austover og tatt en prat med Kjell Arne Vartdal. Han var ein sentral spelar når HIL tok steget frå 6 divisjon til 5 divisjon i 2002 sesongen.
Spm1: Kva gjer du no Kjell Arne?
- No jobbar eg som lærar på Kløfta, som ligg mellom Gardermoen og Lillestrøm. Det har eg gjort i halvanna år, og eg er kontaktlærar for ein 9.klasse. Eg leige ei kjellarleilighet, der eg bur uten verken katt, hund eller undulat.
Spm2: Spelar du fotball framleis? Evt klubb?
Ja eg spelar litt fotball enda. I fjor var eg med på a-laget her som spelar i 5.divisjon. Starta sesongen som midtbanespelar og endte som stoppar, so då bli eg sikkert keeper i år. Vi kom vel 3.sist på tabellen, men ingen rykte ned i år. Trur eg scora en 7-8 mål uten at eg har heilt tellinga. Vi har ikkje so god heimeside her, so det er ikkje so mange som helde kontrollen på slikt. Vi sleit i periodar veldig med folk, so trur ikkje vi stilte same laget ein einaste gong på 26 kampar.
Spm3: Kor tid spelte du din siste seriekamnp for HIL?
Trur det var hausten 2003.
Spm4: Ditt beste minne med Honndalsfotballen?
Då eg gikk på vidaregåande og spelte for HIL, var skuta i fritt fall. Då var det lite lyspunkt. Einaste vi blei kjende for den gongen, var då han onkel Knut (Lillestøl) blei ”vekas fjogning” på lokalradioen. I en alder av 52år steppa han inn då resten av laget stod på feil side av Sunnfjorden. Dette var før GPS`en si tid, so honndøler og store vegkryss i Førde går det sikkert gjetord om enda. Fure vann for øvrig kampen 18-0, og vi var 8 spelara i første omgong. Huska eg ikkje heilt feil leda dei ”berre” 8-0 etter første omgong.
Om dette er et godt minne kan sikkert diskuterast, men ei god historie blei det. Ellers var det veldig kjekt å vere med då vi rykka opp frå 6.div. etter å ha slått Skavøypoll 2 i kvalik. Etter mange magre år var dette starten på større interesse og bedre organisering av Honndalsfotballen.
Spm5: Føl du med fotballen heime?Evt kva tykkje du HIL sin sesong i 2006?
Ja eg føl med og er inne på sida av og til. Fikk sett et par heimekampar i fjor og blei positivt overraska. Laget har blitt mykje meir spelande enn då eg var med, i tillegg virka det til å gro godt blant dei yngre. Syns det var sterkt å halde plassen etter å ha mista ein del spelarar.
Spm6: Din største tabbe på fotballbana?
Hmm.. Trur ikkje eg har gjort tabbar eg. Kjem ikkje på nokre i farten, men der fins vel både lause tilbakespel og brente sjansar, men eg har tydeligvis (som Bjørndalen) lukkast i å sjå framover og tenke neste arbeidsoppgåve
Spm7: Får vi sjå Kjell Arne på bana for HIL ein gong i framtida?
Spørs om laksekongen ha pengar nok til det
Spm8: Ha du nåken gode historie å fortelje frå tida i Honndalsfotballen?
Vel gode og gode. Eg har i alle fall fått oppleve å vere seint ute til kamp på Ålandsleite med Bergseten som sjåfør. Det gikk fort, men det var betryggande å høyre orda til Bergseten etter at det sovidt gikk bra med en møtande bil i ein sving. ”Hmm her bruka det no aldri å kome bila”.
Vår første miniputturnering på Sandane var visst ganske legendarisk. Det var ein del nervøse lagledera med på turen, Honndalsungane hadde knapt vore utafor tunnelen, og aldri spelt fotball med REGLA. Etter litt regelterping var vi klare for kamp. Det gikk over all forventning og Ola Rygg skrytte av oss i pausen. ”Men en ting må dokke huske: Det er strengt forbudt å drible i eige forsvar”. Då såg Knut Ove stygt på han: ”Men koffor blese ikkje dommaren då??”
I same turneringa utvikla Jarle Lødemel sporten. Han gikk på friidrett og var veldig rask. Faktisk so rask at han løyste backplassering ved å stå ved stolpen. Når ballen kom pilte han ut og sparka
|
|
|