HIL på signeringsferd i Sogn

I dag (onsdag 17.01) signerte Jan Azar Karadas og Lars Ove Rake for HIL. Det einaste som gjennstår er at overgongsskjemaet vert sendt til eks-klubbane for signering. Jan Azar har meldt overgong frå moderklubben Eid. Jan Azar har so vidt vore innom Eid sitt 3 divisjonslag, men har for det meste spelt på Eid2 i 6 divisjon der han har banka inn månge mål. Jan Azar vert frå månge hold betegna som ein god og spennande spelar. Jan Azar er student i Sogndal, så HIL vil skaffe han en klubb å trene med der nede, og så vert han med på treningar med HIL når han er heime i helgar o.l. Jan Azar seier at grunnen til klubbskifte er i hovudsak jakt på nye utfordringar og at det er ein tøff kamp om plassen på Eid sitt 3.divisjonslag. Han seie og det at han håpar å spele seg inn på laget til HIL og kunne bidra slik at HIL kjempar på øvre halv del av tabellen. Lars Ove har meldt overgong frå Loen. Han har gjennom fleire sesongar på Loen vist at han er en habil midtstoppar. Også Lars Ove studerar i Sogndal so han og Jan Azar vert treningskameratar der. Han seier at når situasjonen i Loen er som han er så er HIL eit klart fyrste val på jakt etter nye utfordringar. Lars Ove er 20 år og har 4 sesongar (minst) bak seg på Loen. Han har som mål om å spele seg til fast plass på 4 divisjonslaget til HIL. HIL-Fotball er kjempegla for at Jan Azar og Lars Ove har valt å spele for HIL denne sesongen og ynskjer dei velkommen i klubben og ser fram til eit spennande samarbeid. PS!! Vi kjem tilbake med bilder frå den høgtidlege signeringa seinare i veka.