Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Sesongoppkøyringa er i gong og HIL-fotball jobbar med å få på plass
spelarstallen for 2007 sesongen. Vi har tatt oss ein prat med Frank Hool som
spelte sin fyste sesong for HIL i fjor med tanke på om han vil stille til
tjeneste for HIL-fotball i den komande sesongen.
Korleis har du det penselmesteren det? E du komt godt i gong med det nye
året?
- Eg innleia året med å kysse kjæringja og drikke sprudlevatn. Ein aldeles
strålande måte å starte året på. Elles har eg det bra, og føler på meg at
2007 kan bli eit staseleg år.
Vert du å sjå i HIL-drakt i 2007 sesongen?
- Eg fekk ein telefon frå fiskebonden Steinar Bakka, der han lurte på
akkurat det same. Det var rørande å høyre at HIL vil ha meg med vidare, og
både Steinar og eg grein ein skvett i lag. Vi grein faktisk so mykje at vi
måtte avslutte samtalen, og avtalte at han skulle ringe meg igjen.
Kva tykkje du om tilveksten i Jan Azar og Lars Ove?
- Lars Ove kjenner eg godt til frå då eg spelte på Loen. Han er ein meget
solid midtstoppar, og blir garantert ei flott forsterking for Hornindal. Jan
Azar kjenner eg ikkje så godt, men i følge ryktene er også han eit kupp for
HIL. Eg tykkjer det er svært positivt at HIL knyt til seg unge gode
spelarar.
Litt tidleg å snakke om målsetting, men kva tankar har du for sesongen 2007
so långt?;)
- Eg meiner HIL bør ligge på øvre halvdel av tabellen når sesongen 2007 er
ferdigspelt. I 2006 bikka det ofte litt imot, fordi marginar og udyktigheit
gjorde at vi tapte mange poeng. HIL har tradisjonen tru mange talent i
stallen, og eg trur desse vil nå eit høgare nivå i år. Eit nærare samarbeid
med Stryn vil også bli ein positiv faktor som både HIL og Stryn vil dra
nytte av.
Vi takkar Frank for praten og kryssar fingrane for at han tar endå ein sesong for HIL. |
|
|