HIL stille damelag i 2007 sesongen

Etter intens jobbing frå styret har vi no fått på plass ein stor nok stall for damelaget. Så i dag vart det påmeldt eit 11-ar lag i 3 divisjon. Styret jobbar vidare for å klare å knyte til seg nokre spelarar frå Eid og det er komt positive signal frå eit par spelarar + at fleire er i tenkeboksen. Viss alle brikkene kjem på plass trur styret at vi vil få eit slagkraftig damelag i sesongen 2007. Pga usikkerheita rundt om det vart 7ar eller 11ar lag er ikkje trenar for laget på plass heilt enda, men dette vil bli tatt tak i umiddelbart. Treningane er komt godt i gong og damene har no 3 treningar i veka. Måndag 20-21.30 Torsdag 17.15-18.45 Søndag 15-17